Sardinia

Hannas reisebrev

  • Eg var så heldig å få studere eit semester i hovudstaden på den vakre øya Sardinia, Italia. Ei perle i Middelhavet kjent for spektakulær natur, nydelege strender og ei rik kulturarv.

    Det sosiale: Eg vart positivt overraska over kor bra det sosiale livet for Erasmus-studentar var der. ESN (Erasmus Student Network) arrangerte blant anna festar, båtturar, turneringar og fjellturar. På desse arrangementa vart ein kjent med andre Erasmus-studentar som var like gira som meg på å få mest mogeleg ut av opphaldet.

    Eg trur det beste valet eg tok, var å bu i eit 12-manns kollektiv med 11 andre Erasmus-studentar. Vi var alle i same båt og hadde lyst til å oppleve så mykje som mogeleg medan vi var der. Det var alltid nokon i kollektivet som ville finne på noko kjekt.

    Mat: Som ein kan tenkje seg, vart det mykje pizza, pasta, gelato og Aperol Spritz på utvekslinga i Italia, sjølvaste opphavslandet til denne fantastiske maten.

    Kollektivtransport: Kollektivtransporten der var heilt grei. Som mykje anna i Italia, var trafikken litt kaotisk, og ein kunne ikkje alltid stole på at bussen kom til rett tid. Eg opplevde dessverre å komme for seint til førelesingane på universitetet av og til på grunn av forsinka bussar.

    Totalt sett var det eit uforgløymeleg opphald som gav meg minne for livet.

  • Eg er veldig takksam for at Sardinia har så nydelege strender. Frå September til November var vi på stranda opp til fleire gongar i veka. Strendene er også ofte ein plass ein møter venner for å spele volleyball, ha piknik og sjå solnedgangen.

  • Vi blei råda å vente til vi ankom Sardinia for å få hjelp til å finne ein boleg. Eg valde å fikse boleg før eg ankom Sardinia. Dette valget er eg veldig fornøgd med. Eg hadde eit rom som venta på meg i eit kollekitv fullt av andre Erasmus-studentar. Då kunne eg nyte den første tida i Cagliari, i staden for å stresse med å finne ein boleg.

  • (IA/0068/EN) Environmental Planning:

    Emnet gir 6 studiepoeng

    (2/61/067) European Integration:

    Emnet gir 9 studiepoeng 

    (LS/0091) English language and communication skills:

    Emnet gir 6 studiepoeng.

    (EC/0053) Spatial Tourism Data Analysis:

    Emnet gir 6 studiepoeng.

  • Must do:

    -Den beste måten å sjå øya på er å leige bil. Eg vil absolutt anbefale å reise på roadtrip rundt øya dersom ein har mogelegheit til det. 

    Heads up: 

    -For å trene på treningssenter må du ha ein medisinsk attest. Dette må du gjere hos ein italiensk lege og kostar runst 50 euro. Det kan vere lang ventetid for å få time hos legen, så det er lurt å vere tidleg ute!